mandag, november 05, 2012

Spennende?

I dag to spenningsbøker.

HESTAR MEG HER OG HESTAR MEG DER
Anne Viken debuterar med boka Elise og mysteriet med dei døde hestane. Som alle sikkert skjønar no er dette ein spenningsbok, men sidan det og er ein del hestar og riding i boka må ho og kunne kallast ei hestebok. Sjølv om dei obligatoriske snørrhovne stalljentene ikkje er med.

Elise 13 år skal denne sumaren handlinga finn stad vere assistent for onkelen sin, som vikarierar som dyrlege i ei fiktiv bygd i Noreg.

Han heiter Kalle, og har 
”draget på stort sett alle, frå hestejenter til dei mest hardcore bondekoner. Av og til har han til og med draget på bonden sjølv” s 26
Tordenbygda er ein stad med ein uvanleg rik storviltfauna og ei noko dunkel fortid. Fæle ting skjer og Elise, som det skal syne seg er ei riktig tøff jente, freistar med dødsforakt å løyse mysteriane.

Forfattaren er sjølv veterinær og ho lykkast til overmål å nytte kunnskapen sin slik at det vert levande, ja skikkeleg spanande, lesing. Det er jo ikkje måte på kor mykje den unge veterinærvikaren må til pers i denne boka. Til dømes er det ei gripande skildring av ein hund som er så sjuk at avliving er einaste utvegen. Forfattaren vil og seie noko om veterinæryrket og både kylling- og pelsdyrindustrien får sitt.

Boka er frodig og full av forteljarglede. Eit døme er den noko burleske skildringa av det årlege kusleppet heilt i byrjinga av boka. Når dei rasar forbi prestegarden brukar presten å kaste gamle salmebøker og altervin (!) etter dei. Av andre andre personar i boka kan nemnast Gamle-Mathias som bur saman med presten. Og den slemme, biske og noko alkoholiserte bonden Martin. (Kanskje ikkje så rart at han drikk, dette er enda ein av disse bøndene som har følt seg forplikta til å ta over slektsgarden, sjølv om han helst ville jobbe som journalist. )

Både den temperamentsfulle Elise og onkelen hennar er levande personar og replikkane sit godt. Forteljinga har driv og varme og nokre gonger er det riktig spanande.

Ein absolutt godkjent debut dette. Det eg likte minst med boka er alt dette my(s)tiske stoffet, som til dømes norrøne offerplassar, gamle munkeordnar som ofrar hestar med lange aner til djevelen, hestekultar, gamle kyrkjemaleri, torshammarar med meir. Eg trur at boka hadde stått seg like bra utan alt dette.


UT PÅ TUR ALDRI SUR
Akkurat som handlinga i Elise og dei døde hestane er handlinga i Øst for Dunkelpiggen av Julia Kahrs noe på siden av virkeligheten.

Jeg likte starten best. Fiola, med velmenende men svært travle foreldre uten interesser for friluftsliv, overtaler bestevennen Peter til å begi seg ut på en ekspedisjon med alt det innebærer – dette inspirert av naturfaglæreren. Målet er å finne noen sjeldne fjellfioler i Blomsterdalen. Ungene, begge 10 år,  er enkelt rustet, teltet er for eksempel bare et rosa leketelt, og ingen av dem har vært ute på fjelltur før. Men innsatsviljen og pågangsmotet hos Fiola er stort.

Boka har en koselig grunntone. I følge forlagsreklamen er dette en ”skummel og fantastisk eventyrekspedisjon” men spenningstoppene uteblir. Egentlig skjer det ikke så fryktelig mye annet enn at de utsettes for vær og vind, fisker og får fisk, går seg vill, tenner bål, blir borte fra hverandre og finner hverandre igjen etc. Etter  en del slit og strev finne de finner også et tomt hus. Dette kunne det kanskje ha vært gjort en del mer ut av.

Etter 150 sider oppdager de en gifttønne og resten av de i alt 258 sidene går med til å forhindre at dalen blir forgiftet. Og så ender alt i forsoning og fordragelighet, ungene gjenforenes med foreldrene og alt ordner seg til alles tilfredshet. Jeg sier som jeg har sagt noen ganger før, boka burde ha vært strammet en god del inn.

Til slutt litt musikk.

Passende musikk i anledning våre venners jakt på fjellblomster kan være denne klassikeren, her sunget av Joan Baez. 

Og som om ikke det skulle være nok, slipper vi også til Van the man! Ikke dårlig den heller for å si det med en mild understatement.

Ingen kommentarer: