tirsdag, november 20, 2012

Einsemdkongen

Så er man i gang med å lese Ungdommens kritikerpris – bøker igjen. Lista over de nominerte er variert, og ifølge jurymedlem Susanne Christensen twitterstatus var det store uenigheter i gruppa. Men som jeg har sagt et utall ganger før; vurdering av litteratur er ingen eksakt vitenskap.

Som vanlig – i den grad noe man gjør for annen gang er vanlig – har jeg satt meg på venteliste på det Deichmanske igjen. Kan jo si at de mindre profilerte forfatterne ( enn altså ... eller skitt, det ser dere jo selv) er lettere å få tak på enn ( unnskyld det uærbødige uttrykket) kjendisforfatterene.

Den første boka eg har lese er Isberg av Lars Ove Seljestad. Det er og den første boka eg les av DENNE forfattaren. Det byrjar med eit snøskred som øydelegg fleire hus, og på sjukehuset møter vi bokas eg-person, ein 16 år gamal gut som har mista alt. Begge foreldra hans døde i skredet.

Skildringa av då han byrjar på skulen att er intens og med nerve. Lærarens klossete forsøk på å nå guten er tatt på kornet. Så då tenkte eg at dette er ein fin bok å bruke om sorg og korleis man skal møte dei som sørgjer. Men det kjem altså meir. (Det er alltid så vanskeleg å vite kor mykje ein skal røpe om handlinga i ei bok, men eg sier i kvert fall ikkje meir enn Morgenbladet og Dagsavisa. 

Vi vekslar mellom å lese om dette isberget, som vi møter i ein poetiske stil i første person eintal og altså denne guten. Isberget er den brutale øydeleggjaren men plutseleg slår det meg at det snart er guten sjølv vi les om. For det går ikkje bra med han. Den siste delen er ei særs brutal og detaljert voldsskildring, der eg-personen er den som utøvar umotivert vold.

Intens men svart lesing dette altså. Så kan man jo undre seg om dette er noko for ”den oppvaksande slekt” . Er til dømes dette den boka eg kunne tenkje meg å gi til eit ungt menneske? Nei, eg hadde vel funne nokre andre bøker først.

Ein av fjorårets juryelevar lurte i ein kronikk i Aftenposten på om ”samtiden virkelig er så trist” og dette vart det jo litt debatt av. Men ein gong lyt vel berre kidsa lære seg at livet ikkje er rosenraudt. Eg har jo før hatt ein diskusjon med meg sjølv om denne prisen, og så langt har eg komme fram til at dette er svære greier.

PS: gratulerer Les! med nye websider. Det var jammenmeg på tide.

PS 2: det kan jo være fristende også å sammenlikne med Brages nomineringar, som vanlig er det helt forskjellige bøker som er nominert – med ett unntak.

Ingen kommentarer: