onsdag, mai 16, 2012

En overdådighet av elendighet ( Debutant. 5)

Som det skulle komme fram for de mest trofaste leserne av denne bloggen har jeg vært i en stim av debutantlesning. Så langt ser detut til at 2012 er et av de bedre debutantårene. Den muligens - men hva veit jeg - siste debutantboka på en stund nå er Ulvetone av Siv Østrem Peerson. Språket er glimrende, orsak, eg gløymde at boka er på nynorsk; glimrande. Men kanskje litt mykje elende. Det er liksom ikkje grenser.

Vi møter
  • Alise Ask, ho går på vidaregåande skule, eit meir enn normalt stort musikktalent,
  • far hennar, styrtrik, prakkar på ho eit flygel ho strengt tatt ikkje har ønska seg, ho likar betre pianoet sitt,
  • stemora, Vera, vakker men mest opptatt av interiør og klede,
  • styvbroren Mikael, noko yngre enn Alise, kjem i dårleg selskap,
  • ein heroinist med dunkel fortid, Johannes, kven er no dette då hmmm hmmm,
  • mora, også ho svært musikalsk, med ei musikkarriere bak seg, bur i eit trist og nedslite husvære, vi skjønar at ho har psykiske problem,
  • ei hushjelp frå Filippinane, den einaste som gjev Alise litt varme,
  • nokre narkomane i Nygårdsparken ( dersom eg hugsar rett),
  • spelelæraren, streng, også han med ei dyster fortid
  • gitarguten ho møter om natta. Sebastian syner det seg at han heiter. Han greier å overtale Alise til å bli med på fest. Det er noko heilt nytt for ho. Korleis skal no DET gå?
Alise har eit så stort talent at ho skal ha konsert i sjølvaste Grieghallen. Far hennar, som har store ambisjonar for dottera si, inviterer og til ein førkonsert i villaen. Orsak altså, men er det sannsynleg at heile den Bergenske kultureliten og ditto journalistar vil kome på ein privat konsert berre for å få gratis børst?

Alise er ei kjenslevar sjel, isolerar seg frå andre, og frå dei som prøver å ta kontakt. Ho skulkar ofte skulen. Det beste med boka er kanskje forfattarens portrett av denne jenta som lever for musikken men som og gjer opprør mot at andre skal bestemme over karrieren hennar.

Alise tenker musikk heile tida, og svært mange faktaopplysningar om musikk gjennomsyrer boka. Derfor trur eg dette er ei bok for lesarar som lever like mykje for musikken som Alise. Derimot er eg litt usikker på om boka kan gjere andre enn dei allereie frelste interessert i klassisk musikk. Dersom no det har vore noko føremål.

Eg har utallege gonger før vore inne på forfattaranes ønske om å promotere sine favorittmusikarar i ungdomsbøkene. Eg er heil imponert over denne forfattarens musikkunnskapar. Her er det ikkje berre klassisk musikk, men og ein del populærmusikk. Alise vil gjerne komponere sjølv, og boka slår eit slag for kvinnelege komponistar med Clara Schumann i spissen, som sidan ho var kvinne måtte slite for musikken sin. Så då kan vi jo kanskje slutte med å høyre på noko av denne musikaren som no er kome fram frå gløymsla.

Ingen kommentarer: