tirsdag, januar 10, 2012

So vakkert at ein vert heilt satt ut

Og jammen vart eg ikkje og litt satt ut då eg byrja å lese fyrste sida :

Høyrer eg no
gode herren
koma nedåt sti
og burtåt stallen mine heimars.
Han mun opna veggar tvo
og ljoset skal då rida stort
med taumar gull
og munnbet sylver.

Dette var no eit særs arkaisk nynorsk, jamvel som gamalnorsk. (No lyt eg seie at norsk språkhistorie ikkje hører til mine sterkaste sider, men dette minnar i kvert fall om eit språk frå tiders morgon. )Her er det mange vanskelege ord, sjølv for ein nynorsktilhengjar som eg, men då eg tok meg saman og byrja å lese boka opp at vart det snart klårare for meg. (Men eg skal no og innrømme at eg konsulterte ei nynorskordliste for å vere heilt sikker på at eg hadde skjønt alle orda.) Det er vakkert og suggererande, og kan minne om den gamla balladediktninga.
Som dei fleste av dykk vel har skjøna no så er det altså Jimmen av lyrikaren Øyvind Rimbereid dette handlar om.

Det er to hovudpersonar i denne boka,
1) ein (av dei siste) søppelkjøyrarane (eg ser at stavekontrollen protesterar mot ”kjøyre” men det passar liksom litt inn å skrive litt gamaldags nynorsk i denne bloggposten, og berre så dykk veit det so er ikkje so lenge sidan man skreiv dette ordet slik. Faktisk ikkje lengre sidan enn då eg var ung ... eller det ER kanskje litt lenge sidan no, når eg tenkjer meg om... vi skreiv og til dømes ”røykja” og ”røykjarar” eller ”ikkjerøykjarar” ... men la oss kome oss tilbake til boka no, då!)
2) og hesten hans, Jimmen.

Vår ven søppelkjøyraren ( som og er nattmann ein gong pr. veke og dykk kan no berre gissa kva den jobben går ut på) som vert kalla ”herren” av Jimmern, brukar stavangerdialekt, og både hest og herre kjem til orde etter tur. Handlinga er frå Stavanger med omgivnader, og tida er i byrjinga av 70 – talet tippar eg, då det såkalla oljeeventyret tek til, og både Jimmen og ”herren” gjer seg nokre tankar.
Vi høyrer og om systra til ”herren”, som
"Kver dag strikkande
der inne på Dale sygehus

rett onna fjellet.
Alltid te Betania-basaren
Eller på skjerfet til meg.

Et uendeleg langt skjerf

Ser det ud tel å ble,
for å varma meg når eg kjøre.”
Vi er saman med våre to vener både i arbeid og i kvile. Og altså når dei fylgjer med i ”utviklinga”, både bygging av motorvegar og oljeplattformar. Det er berre så vakkert slik Rimbereid skildrar kontakten mellom hest og eigar.

Eg er litt i tvil om korleis eg skal tolke slutten, men ”herren” har i kvert fall hjarteproblem, og meir skal eg kanskje ikkje seie om den saken.

Dette er sjølvsagt ei bok man burde lese oppatt og oppatt, så eg trur eg lyt kjøpe meg denne boka når ho kjem i billigutgåve. Ha ha ha- nett som lyrikk kjem ut i billigutgåve då, gitt, eg er no dum og då. Han Jimmen hadde nok knegga foraktfullt no, hadde han høyrt meg!

Kanskje man og skal spekulere litt i kvifor forfattaren har valt denne språkdrakta til hesten. Ein må vel kunne seie at hestar er språklause. Så då er det ikkje så dumt å finna opp eit slags nytt språk. Med ein eigen naivitet i setningane. Dette språket gjer og inntrykk av å vere frå urtiders morgon, det er noko traust og jordnært slik Jimmen ”snakkar” til lesaren (men og med mykje poesi). Det er ”ikkjekommuniserande” og seg sjølv nok. Medan ”herren” snakkar til Jimmen (slik eg reknar med dei fleste gjer til dyra sine) får han (naturleg nok) aldri noko svar, sjølv om kontakten – og respekten - dei imellom er nær.

Boka er nominert til Ungdommens kritikerpris og til Nordisk råds litteraturpris. (Saman med Merethe Lindstrøms Dager i stillhetens historie. Sjølvsagt må norsklæraren jobbe litt med denne boka, men dette kjem eg tilbake til i ein eigen bloggpost, kor eg har planar om å sjå litt nærare på konseptet Ungdommens kritikerpris. )

Til slutt litt musikk.

Her ein gamal song der sjølvaste Leadbelly og Woody Guthrie syng om ein annan hest, veddeløpshesten Stewball. Eg syntes denne passa litt fint inn.

PS: på forlagsreklamen står det at boka er nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Men ikkje eitt ord om at boka og er nominert til Ungdommens kritikerpris! Kvifor vil ikkje forlaget vedkjenne seg denne nomineringa?

Ingen kommentarer: