onsdag, januar 18, 2012

Rapport frå ein mindre by i Noreg

Då har eg og lese Samtale ventar av Marit Eikemo så no kan eg skryte av at eg har lese alle dei bøkene som er nominert til ungdommens kritikerpris .

Dei som er med:
  • Hovudpersonen, Elisabeth Brenner, 38 (dersom eg no ikkje hugsar heilt gale) journalist på attføring. Ho har via NAV fått ein jobb der ho (utan den heilt store entusiasmen) skal ta opp dialektprøver for mellom andre
  • Stephanie, ei i forskarteamet, og som ikkje er heilt nøgd med progresjonen,
  • Sveinung Sel, lokal forfattar, skriver litt sære bøker, og har nokre bisarre vaner, som til dømes ... eller forresten, gløym det, dykk kan lese boka sjølv,
  • Elin, bibliotekaren på staden, vellykka, 3 barn, men likevel ikkje nøgd med livet sitt,
  • og mannen hennar
  • Even; fastlege meiner eg, vil opne eit senter for rusavhengige men progresjonen er noko langsam
  • diverse venninner til Elin
  • karane på brakka der Elisabeth Brenner bur, Helgesen og Bendik og alt kva dei heiter,
  • Bartendaren
  • Bryllaupsfotografen (ei verksemd som går i arv), ho siste i rekka er ei litt småbisk type, forfattaren skriv og mykje artig om denne sjangeren i fotofaget.
  • Ferjemannen, med fleire.
Staden er Einvik, og etter kva eg skjønar er dette ein fiktiv by, men eg har googla meg fram til at det kan vere Odda. Dette er ein plass der dei unge lengtar etter å forlate, verftet er lagt ned, og det er altså ein del narkotikaproblem. Ingen verande stad med andre ord.

Det er ho Elisabeth sjølv som fortel, ho er einsam og greier ikkje heilt å komme inn i noko fellesskap, sjølv om ho vert invitert. Ho gjer ein del dumme ting, mellom anna drikk ho seg full med de konsekvensar det medfører. Ho kan minne litt om til dømes den litt klossete My i Smulklubbens skamlösa systrar av Mian Lodalen. Men trass i det triste er dette ein ganske morosam bok og eit par gonger lo eg skikkelig godt. Boka handlar og litt om sosiale media, facebook til dømes og tar bruken av akkurat denne nettstaden på kornet.

Sjølv om personskildringane er truverdige nok er likevel ein del av situasjonane (garantert tilsikta) litt på sida av det verkelege livet. Litt sånn Hovlandsk altså, utan å trekke samanlikninga for langt.

Sidan boka startar og sluttar på ferja så då kan vi jo høyre litt på ein ferjeblues som fint passar inn i den sorgmuntre stilen. Og sjølvsagt denne utan å røpe for mykje no. Eg lyt tilstå at eg ikkje har lese noko av denne forfattaren før, men dette er ein forfattar eg gjerne les meir av. Snart (vonar eg) kjem eg tilbake med ein eigen bloggpost kor eg oppsummerer og diskuterer litt med meg sjølv om vinnarsjansar og heile dette konseptet Ungdommens kritikerpris.

Ingen kommentarer: