tirsdag, juli 06, 2010

Hei kvinna!

Nokre bibliotekarar sit og bloggar og skriv anna skit på webben. Medan andre målar og skriv bok til kvinna. Nei, ikkje misforstå meg no. Ikkje ”quinden”, ho med måla 60 - 90 - 60 dykk veit. Ho som berre er oppteken av å gjere seg lekker for mannen og vrikke på rumpa! Og ... ja resten kan dykk vel fylle ut sjølve!

Nei denne bibliote-karen har respekt for kvinna, han. De kreative, sterke kvinnene som ikkje gir seg over sjølv om noko buttar. Boka er dedikert tante Sigrid. Ikkje alle tanter er så heldige å ha slike nevøar, men alle kan kjøpe boka! Det vil eg faktisk anbefale dykk å gjere! Ho er ikkje dyr.

"Kvinna som hadde betre ting føre" (Enn å raka og få gnagsår)

"Kvinna som ga opp" (Men det gjorde ho altså ikkje)

"Kvinna som fekk telefon frå ein god ven"

Berre kontakt han Oddmund så kjem boka i ei postkasse nær deg! Boka heiter forresten Historiane om Kvinna som...

Og for denne humørpillen av ei bok fortener han Oddmund å få eige emneord på bloggen min, ei æresbevisning dei fleste bibliotekarar berre kan gløyme!

Og så kan vi jo slutte med å spele Tanta til Beate av han Lillebjørn Nilsen, til dømes. Nei forresten vi kan vel like godt unne oss den ekte varen, han Django Reinhardt!

PS: Dei som ikkje er på facebook ( dersom det framleies finst nokre no når sjølv eg har vorte medlem) kan berre kontakte meg så formidler eg kontakt!

2 kommentarer:

Elin sa...

Pappa lovet å ta med seg et eksemplar til meg når han kommer nordover. Kjekt å ha en pappa som jobber i samme kommune som denne flotte bibliotekaren. ;-)

Oddmund Kå sa...

pappa har avtalt med meg i dag elin. flott pappa du har! :) eg kan spleise på portoen så får du den i posten. og tusen takk eli for ein utruleg fin og forsegjort bloggemelding av boka mi. kom gjerne på utstillinga mi med bildene her i ytre enbakk i midten av august :)