tirsdag, juni 10, 2008

Ei bok eg eigentleg ikkje hadde tenkt å lese

Noko eg gjer eit viss nummer av her. Men så vart eg altså så nysgjerrig at eg berre måtte, altså! Forfatteren har eit prosjekt : han skal vitja ein kinarestaurant i alle kommunar i Noreg kor dei har kinarestaurant, og det er ikkje få! I alt – då denne boka vart skriven – 158! Korleis det går kan du no lese sjølv.

Her er mykje matkulturhistorisk stoff, skal seie at forfattaren har gjort skikkeleg research! Han skriv og om korleis matvanane her i landet har forandra seg stort sidan 60 – åra. Og kjem og litt innpå pizza, kebab og slike ting.

Den fyrste kinarestauranten i Norge kom i 1963. Restauranten heitte China House i Sofies gate 15 i Oslo. Der har eg vore. (Nei akkurat det står det jo ikkje noko om i boka!) Eg veit ikkje heilt når denne restauranten vart stengd men eg hugsar at fargane vert halde i lilla og raudt. Og brunt. Skikkeleg 70 – tals altså! (Sjå ikkje bort frå at eg kjem til å blogge litt meir om mine kinamat - opplevingar og kanskje eg og kjem til å ta med litt pizzaprat).

Som vel dei fleiste av oss har fått med seg : kinamat har ikkje høg vørnad i Noreg i dag, og dette mishøvet har Kalvø gjort ein jobb for å gjere noko med. Eg vert freista til å kalle han kinamatens krossfarar, eller kvifor ikkje Riddar av dei to pinnar. Han har og kjempa for å få Selskabet for Oslo Bys Vel til å sette opp eit skilt på Sofies gate 15, sjølve staden der Norges fyrste kinarestaurant låg. Men det er diverre litt avgjerdsvegring i dette ”selskabet”. Kalvø! Dersom du vil starte ei folkereising vert eg gjerne med. Eller i det minste skal eg i skrive ein E-post slik du oppmodar til.

Boka hans syner og kor viktige sosiale og kulturelle møtestadar desse kinarestaurantane kan vere på små plassar der det ikkje er så mykje anna å gjere.

No er vel ikkje bodskapen i denne boka berre at kinamat er bra saker, ho er skreven i takksemd til våre ”nye landsmenn” og alt dei har gjett dette gråsteinlandet når det gjeld matkultur til dømes.

Forfatteren skriv og ein litt rørande historie om ein gammal mann i dress som syner pågangsmot og vilje til å freiste nye ting i matvegen heilt utan fordommar. (Rett nok ikkje på kinarestaurant). Denne mannen kallar han Ansgar. Og her vart eg litt sur altså. På dei aller siste sidene, der forfattaren gjer rede for kjeldene og anna ( det var no svært så lita skrift dykk spanderar på desse sidene då Samlaget!) står det at ein kan lese meir om denne Ansgar på desse nettstadane:

www.gamlemennpanyerestaurantar.net
www.steikvelting.com
www.wherearetheynow.com/ansgar

Berre lureri! Dersom du prøver deg på den siste lenka kjem du hit! Kalvø! Dette var ikkje morosamt!

Men dersom ein berre ser bort frå denne uskyldige (????) spøken er dette ei verdifull bok om eit lite stykke Noreg folk burde vite meir om. Og no gløymde eg jo nesten å skrive kva boka heiter att! Tittelen er altså Våre venner kinesarane og ho er skriven av Are Kalvø!

Ingen kommentarer: