søndag, oktober 14, 2007

På rett spor att

- Er vi seriøst saman no?
Spør han på ein måte han håpar både er ironisk og alvorleg på same tid.
- Viss du treffer ei dame som mistrivst like mykje som du sjølv på fest, så er du halvvegs kjærast med henne.
Dei som er med
  • Markus, 19, jobbar på bagasjen på ein flyplass i ein stor by. Er ikkje heilt sikker, men det er ein by der dei har ein bypark med ein totempåle eller noko like ved havet. (Bergen kanskje?). Han vert forelska i
  • Ingrid, kjederøykar, men det er no ikkje nett det som er det viktigaste, ho er 5 år eldre, vakker, og har ikkje noko hår på hovudet. Kvifor ikkje? Det kjem fram etter kvart.
  • Felix Nussbaum. Jødisk kunstnar, døyde i Auschwitz. Han vert introdusert fordi Ingrid skriv på ein oppgåve om han. Kvifor vert Ingrid så engasjert i denne relativt ukjende kunstnaren?
  • Det er sjølvsagt og nokre bipersonar i boka men dei tek eg ikkje med her.
Dette er ei mollstemt bok om kjærleiken, kunsten og ... mogleg spoilar??? *** døden.

Denne boka synar at forfattaren kan viss han vil. Ja, alle har vel fått med seg no at det er den siste boka av Bjørn Sortland eg skriv om? Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på det? heiter ho. Boka kjem inn på noko av det same som Ærlighetsminuttet som eg har blogga om før. Men den boka var jo ei tjukk og særs didaktisk bok, medan denne er strippa ned til 120 s. Og med eit meir kresent språk. Så no er Sortland på rett spor att!

Forfattaren er, som dei fleste som les barne- og ungdomslitteratur har fått meg seg, svært opptatt av å formidle sine kunstinteresser. Og denne gongen har Sortland lykkast! Dette fungerar berre brillefint!

Eg visste ingenting om denne kunstnaren frå før men eg har no søkt litt på nettet. Denne gilde nettstaden er frå Felix Nussbaum Haus i Osnabrück, eit museum også Markus og Ingrid vitjar. Du har kanskje sett nokre av bildane før du og, ja! Sjølve museet er teikna av den same arkitekten som har teikna det jødiske museet i Berlin. (Som Markus og Ingrid ikkje vitjar). Det er og han som er hovudarkitekten bak det nye Word Trade senter i New York.

PS:
Til slutt ein liten kuriositet. Markus er ein nokså trist ung man. Akkurat som Roland i Et dårlig år som eg nettopp har blogga om her. I begge bøkene vert det referert til nokre kjende replikkar i Astrid Lindgrens Emil-bøker: ”Du och jag, Alfred”. Og Alfred svarar. ”Du og jag Emil” Er dette heilt tilfeldig? (Truleg ja, men eit artig poeng likevel). I Sortlands bok vert det og referert til den svenske gruppa Kent og albumet deira; Du och jag, döden.

Eit PS til:
Ungdomsboka har som alle veit eit formidlingsproblem. Kven les ho og er det nokon som les ho i det heile? Kva skal ein gjere for at ungdomane skal lese gode ungdomsbøker og kva kan ein gjere for å få andre (eg tenkjer sjølvsagt her på vaksne) til å lese bøker som forlaga har kalla ungdomsbøker. Fleire av alle ungdomsbøkene eg før har blogga om kjem akkurat i denne kategorien og eg veit ikkje min arme råd. Er dette forslag til ein ny bloggpost?

Ingen kommentarer: