søndag, oktober 07, 2007

Kven har bursdag i daaaaag!!!

Eg vei det! Eg veit det!
Nemleg forfattaren av denne boka. Han vert 50 år akkurat i dag! Men kjære lesarar, dette er ikkje nokon bamsefar i lia, nei!
Tenk at ein 50-åring kan skrive noko slikt tenkjer kanskje nokre no. Men som alle veit, dei gamle er no eldst. Gratulerer med dagen, Finn! Og velkommen etter som dei seier. Vonar no at bursdagen din blir ein god del lystigare enn denne boka di!

Attende til boka:
Alt er noko dritt!
Og absolutt alle!
Fascistynglar, skapstreitingar, revisorar og pengetrillarar, det teite fascistkorpset av psykiatrar, tyrkarpakk, feite kapitalistsvin etc.
”Sjølvmordaren er den einaste sanne samfunnskritikaren, den einaste som tar ansvar”.Peter Wessel Zapffe og boka hans Om det tragiske får og litt merksemd i boka.

Vår venn er dessutan svært oppteken av ein norsk nynazistisk organisasjon som eg ikkje orkar å legge ut linken til. Ein stad går då grensa!

Om alt "går til helvete", meiner eg no at eg ser ei strime av von mot slutten av boka.

Språket i boka er no ganske så intenst då! Og rimeleg tøft. Eg er ganske sikker på at nokre av lesarane vil verte forundra når dei no veit kor gammal denne forfattaren eigentleg er. Og det seier jo alt om alle fordommar folk sit inne med. Om aldrar til dømes.

Boka fekk meg sjølvsagt og til å tenkje på denne boka.

Eg kan love dykk : boka kjem aldri til å få nokon pris av turistnæringa i Stavanger. Ein trist by ser det ut som. Reis aldri dit!

PS: Vonar ikkje Finn Øglænd har noko i mot at eg lagar slikt leven av bursdagen hans. Det er ikkje alle som er like opptekne av slikt. Men det kan då ikkje vere så farleg, eg har no ikkje så mange lesarar.

Ingen kommentarer: