onsdag, oktober 03, 2007

Kristeleg

Kristelege barnebøker er no så ymse. Det er langt mellom drammane når det gjeld å finne dei gode. Så når kvalitetsforlaget Samlaget gjer ut ei slik bok så får no eg visse forventningar.

Forfattaren heiter Hildegunn Dale. Har ho gjeve ut nokre bøker før. Eg spør like godt Deichman.... Det hadde ho gitt, tre diktsamlingar for vaksne. Og så denne boka. Ikkje mykje utlånt, nei.

Skuleavdelinga har no teke hardt i då, med heile 22 eksemplarar. Så dette er ei bok dei ventar seg mykje av. Og Røa og Holmlia har ei eiga nynorskhylle. Ja ja ein kan no erte på seg nynorskfolket for mindre. Eit pragmatisk val, tenkjer no eg.

For resten; omslaget! Det var no ei særs alvorleg jente som stirar på lesaren? Liksom litt granskande. Og refsande? ”Kva gale har du gjort i det siste?”. Ingen hylleveltar dette spør du meg. Eller er ho meir grunnande? Er det ein slange i bakgrunnen.? Men - ikkje noko epletre. Men myrull. Eller er det løvetann i eit langt framskridd stadium? Og kva skal dette symbolisere?

Desse øyro hennar hadde no illustratøren ikkje heilt fått tak på. (Er ho ein alv?) Og den skya over denne vide dalen bak ho liknar på eit fjell. Er det noko symbolsk her? Herregud (hadde eg nett sagt) eg får berre kaste meg ut i det. Meir kjem ...

PS: Det ser ut som at boka har fått gode meldingar. (Gidd ikkje å lese dei akkurat no) . For ellers hadde vel ikkje forlaget lagt dei ut.

PS 2 : er det fleire enn meg som synest det er kjedeleg å lese bokmeldingar? (Og eg som er bibliotekar og alt mogleg! )

PS 3 : Denne siste innrømminga låg no langt inne.

Ingen kommentarer: